tirsdag 29. april 2014

Perleband




ein vind glir lett over fortauet
forbi jentene som hoppar paradis
inn porten til bakeriet
gjennom kleda til bakarsveinen
og ut på baksida, under ein bil
ruskar i håret til mekanikaren
svingar til venstre langs husrekka
over eit gjerde
forbi husmora og klesvasken
forbi snekkaren og den halvferdige veggen
forbi han som har sovna ved grillen
forbi ho som strekk seg for å nå
ein ball som sit fast i eit tre
(ruskar litt i treet, så ballen dett ned)
og vidare gjennom eit kjøpesenter
rundt alle dei travle fjesa, vidare
ut i vårsola, eit parkområde
over alle solslikkarane
inn i ein bygard, opp til øvste etasje
der den einsame mannen ser i album,
gjennom alle romma i huset hans
ut bakdøra
ned bakgatene
forbi dei to som vekslar pengar og dop
forbi han som søv i inngangspartiet
forbi dei to som kysser
forbi han som gret over knuste bitar
forbi skiltet med bynamnet på
og tek med seg lukta av alle desse
som eit perleband
vidare
inn i landet

4 kommentarer:

  1. I see you have specsavers as well then

    SvarSlett
  2. Flott situasjonsbeskrivelse av byliv og mennesker i vinden!

    Takk for gode ord fra deg - ja vi henger et par uker etter med vårtegnene her nord på denne tiden men den er i luften og send gjerne vårvinden hit! Typiske vårdager her nå med sol og regn og sludd og vind og stilla om en annen ! Men skjæra har lagt egg og reiret er bygd høyt- det lover en god sommer !

    Gode vårdaga tel dæ Englepappa :)

    SvarSlett
  3. En vind får vara med om mycket!

    SvarSlett