søndag 20. april 2014

Påskedag




for meg er påskedagen gul,
den er ro, den er håpets farge

eg kjenner noko frå djupet
- eit anna djup enn mitt –
stige mot overflata
og fylle dagen med eit strålande lys
og gleda strøymer som musikk
gjennom kvar pore i huda
og varmar celler og vev
som i ein symfoni, eit samstemt kor
utan botn, utan topp, utan kantar,
det berre er

berre er –

for meg er påskedagen
sjølve eksistensgrunnlaget,
startgropa for alt eg elles er

for meg er påskedagen
så altoppslukande
at gleda og håpet fyljer med meg
resten av året

2 kommentarer:

  1. Så vackert! Och att låta hoppet vara med hela året ... att låta det bära ...

    SvarSlett
  2. The weeping branches of the tree against the sky are fantastic. I love that time of day, the coolness, stillness, and gentle light.

    SvarSlett