mandag 21. april 2014

Ny mat




det nye livet spirar
ekspanderer i det tome rommet
etter ein vinter som drog,
strekk seg
mot lyset, mot vatnet, mot vinden,
let seg bere av noko utanfor seg sjølv
let seg vatne med levande vatn,
føre med tida
mot ein stad der livet ikkje lenger
er nytt
og kunnskapen er mogen,
den nye maten
fyller opp tomrommet
etter det som forsvann –


(mandagstema, fri tolking...)

4 kommentarer:

  1. Nydelig :) Ønsker deg en riktig god andre påskedag :)

    SvarSlett
  2. Herleg tolkning!

    Vonar Påska har vore fin :-)

    SvarSlett
  3. Skön tolkning. Visst är det ny mat som gäller under påsken. Ha en härlig vecka i vårsolen (hoppas jag).

    SvarSlett