torsdag 17. april 2014

I framand land



Ved breidda av denne elva,
Babylon,
sit vi og tømmer våre tårer
som ein bekk ut i det store havet

Her ventar vi vår utfriar,
vår bergingsmann,
som skal rive av våre lenkjer
og knuse murane og festningsverka

Ved breidda av denne elva
lever vi våre liv
i stille lengt
mot ei betre tid, ein betre stad

Her roper vi vår klage,
her kjenner vi dei gapande såra
i sjela
vekse til botnlause svelg

Ved breidda av denne elva,
Babylon,
i framand land, på framand jord
lengtar vi og ventar vi vår utfriar

1 kommentar: