søndag 13. april 2014

Heimstad



Den støvete landevegen
var din rette heim,
her vandra du
frå by til by
medan du smilte til møtande
og telte stjerner om natta

Ein vandringsmann
ikkje på veg heim, men heime
i sitt eige
Ingen av dei du møtte
kunne vite omfanget, sanninga i
kor heime du verkeleg var –

og likevel ein framand,
for vi kjente deg ikkje att

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar