torsdag 10. april 2014

Eit grenseland

Vi nærmar oss påske. Eg ser ikkje vekk frå at det vil dukke opp ein del påskerelaterte dikt her i Mørkerommet den neste veka. Det er trass alt, for mange av oss, den viktigaste høgtida i året! Her kjem det første.




det var her eg sat
her
på grensa mellom hav og land
kor dei veldige vassmengdene
knuser seg sjølve mot steinar og berg
her
kor landet ein gong steig frå djupet
på grunn av eit ord
og mennesket har kjempa for sine liv,
ein kamp mellom naturkrefter og svolt
vind og død
og grensene mellom flaks og dugleik
ikkje lenger eksisterer

det var her eg sat
i takksemd
over alt det som har vore gjort
og alt det eg sjølv slepp å gjere

det var her eg sat
i starten av påska
og tenkte på grensekrysningar,
kor langt nokon er villig å gå
for andre
og kor mine eigne grenser
for offer
er trekte

det var her eg sat
her
på grensa mellom død og liv
kor dei veldige ævearmane
knuser seg sjølve mot spyd og mot tre
her
kor landet ein gong steig frå djupet
på grunn av eit mord
og mennesket ikkje lenger må kjempe

for havet vart knust
ein gong for alle

3 kommentarer:

  1. Vackra tankar, och bild. Glad Påsk!

    SvarSlett
  2. Vilken dramatiskt vacker text och bilden är lika vacker och dramatisk den med!

    SvarSlett
  3. Du skriver så flott! Og bildet passet utrolig bra til.

    SvarSlett