lørdag 12. april 2014

Den verkelege verda



1
Nokre ser på verda som i gråtoner,
ser sitt eige liv
og andre liv
som lyse og mørke skuggar
mot kvite og svarte veggar,
ser alt som hender
som tilfeldige forløp
der utgangspunkt og mål
er likegyldige faktorar

Ja, nokre ser verda i gråtonar
og plasserer seg sjølv
som eit penselsprut
i det som slett ikkje er eit maleri
men tilfeldig søl
av svart toner





2
Nokre ser på verda som ein illusjon
ser sitt eige liv
og andre liv
i lys av draumar og fantasiar
utan bakkekontakt
eller samanheng
ser det meste som hender
som ustyrteleg morosamt
eller djupt tragisk
utan at nokon av delane
verkeleg berører

Ja, nokre ser verda som på film
og plasserer seg sjølv
i ei av rollene,
undrar på kva som vil stå
i rulleteksten
 




3
Nokre ser på verda som ein kollasj
ser sitt eige liv
og andre liv
som bitar av noko større
noko fargerikt og lyst og mørkt
og uendeleg
ser alt som hender
som eit ledd
i ei handlingsrekkjefølgje
med meir eller mindre meining

Ja, nokre ser verda som noko logisk
og plasserer seg sjølv
som ein tiltenkt bit, noko skapt
i det skapte,
noko vakkert i det vakre
noko grått i det grå
noko fritt
med alle sjansar opne…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar