onsdag 30. april 2014

Balladen om Åse og Kjell




er det rart det er krig i verda
sa du
og eg forstod ikkje kva du meinte
før eg møtte dei to
Åse og Kjell
og vart vitne
(om enn ufrivillig)
til deira rise and fall

for verda er liten
om viljen er stor
og dei som i dag er samde
kan i morgon glo
med glødande blikk
mot den som var venn
den som var tålt
bak eit syltynt, skjørt og skjelvande
riss av fred

for verda er stor
og lukkeleg den
som eig ein holme saman,
eit paradis på jord!
og lukkeleg den
som tør innrømme sinne
og seie som sant er
- eg ynskjer alt sjølv…

men synd er det no
på dei som vil teie
og nektar å snakke
vil ingenting seie
og nikkar og skular og trampar
med skjelvande bein
og kjenner på hatet som veks
og kjenner seg tvers gjennom klein

til slutt vert det nok
og nokon må handle –
å ulukke stor
den svartmalte dagen
å sorgfulle ord
som aldri kan drepast, aldri
kan trekkjast tilbake

å sorgfulle tid
forbi, forbi…
og ingenting vert som før

no går dei der, tomme
dei som var vener,
dei som levde på holmen
og delte det meste – både sorga og lukka
og vakna kvar morgon
til gleda ved brorskap, vere to,
vere saman om alt

no går dei der, då
og holmen er delt,
min del og din del og ein bit i midten
der ingen kan nokon gong
trø –

Åse og Kjell
to einsame fjær
er borte med vindane no,
berre minnet om krig
ein forferdeleg krig
svevar stilt over holmen

så meiningslaust, aude
kan dagane fly
og det er svevande lett
å felle vår dom:

at alt byrja gli, felle saman
den dagen dei planta sitt hat
og let det vekse seg stort
i den tause skuggen
av bitter egoisme –

ja, den enklaste biten
er etterpådomen…


7 kommentarer:

  1. Birds look happy there left alone

    SvarSlett
  2. Tänk, de kunde varit så lyckliga där på sin alldeles egna ö...

    SvarSlett
  3. Ja, du sier noe du... på ditt vidunderlige vakre vis :-)

    SvarSlett
  4. Tänk om alla kunde samsas, fåglar som människor :-)

    SvarSlett
  5. Du og du, ja slik kan man undre seg. Bra skrevet.

    SvarSlett
  6. Så fint du skriver och bilden därtill är så talande.

    SvarSlett