lørdag 19. april 2014

Alle sjansar opne...



no ligg verda open
i det knuste er det håp,
det delte viser veg
mot heilskap
der vi har opne auge
og studerer det som er
- ikkje det vi forventar

verda ligg open
viss du vågar å sjå,
kanskje vil du finne ein manual
eit skilt
ei røyst som kan føre –
viss du ventar
i stilla

ventar
med alle sansar opne
og knusar fordomane lik glas
mot dei djupe avgrunnane

for no ligg verda open
det nye kan starte
der det gamle er borte,
det er håp i det som er knust…

1 kommentar: