mandag 17. mars 2014

Ut dit



Eg lengtar ut dit
kor vindane bles,
der bølgjene bryt mot berga
og havet brøler sitt sinne
over folk og fe
øyer og strender
båtar og sjøfugl,
der hav og himmel går i eitt
og berre vindane kan skilje
det eine frå det andre

Eg lengtar ut dit
kor hjartet finn kvile
i noko større,
der tankane fell til ro, ventar
sorterer seg i ryddige rader
og livet får perspektiv –
der alle mine store tankar vert små
og alle mine store lengslar
finn sine overmenn – i bølgjer, i vind
i svaberg som ikkje let seg knuse
under stormen

Eg lengtar ut dit
der alt som fyller sansane
er noko anna enn meg sjølv

2 kommentarer:

  1. Ord, en längtan, att känna igen sig i!

    SvarSlett
  2. Den lengselen har eg også ofte, men klarer nok ikkje å sette ord på det på denne måten som du gjer her.
    Noko av det som er fasinerande med å bu ved havet er desse kontrastane i ver, vind og årstider. Dei speglar kontrastane i livet på vondt og godt, storm og stille, lys og mørke. Eg finn så mykje eg kjenner meg igjen i her hos deg. Takk for at du deler :)

    SvarSlett