fredag 7. mars 2014

Sladd



For eksempel regnet
som hamrar på vindauga mine
Ei slørande blendegardin,
og det er verda som trekk for

For eksempel tårene
som aldri finn vegen heilt ut,
dei som set seg fast
og fyller meg opp, det hole karet

For eksempel redsla,
den kvervlande frykta
- at eg ikkje er god nok,
at eg står på nedste steget i stigen

For eksempel blikka, alle auga
som kvar dag strøymer forbi meg
på veg – til og frå
og ser og ikkje ser meg, på ein gong

For eksempel regnet –
Ein vegg eg kan gå gjennom,
kjenne meg uovervinneleg…
skjuler alle mine svake sider 

3 kommentarer:

  1. Lovely, havea nice end week.

    SvarSlett
  2. herlig skrevet...beskrivende om regn som en vegg en kan gå igjennom. Du er så flink med ord!

    SvarSlett
  3. Helt klart har du ordene, og meg i din makt :-)

    SvarSlett