tirsdag 4. mars 2014

Lyden av vår




Dette er lyden av ein vinter
som snart er over

Det er lyden av naken jord,
lyden av snø som brånar,
forsvinn lik dogg i sola
(lik tapte tankar)
og vise lauv dukkar opp etter dvalen –

Kan du høyre kor asfalten strekk seg
i eit landskap som skiftar farge
- eller får farge
og grusen knitrar – det flammar ein lengt
gjennom millionar av mineral, millionar
av frø, millionar av barn i ullstrømper

og føter av fastlenka helium

for no strøymer lyden av vår imot oss
frå alle falma vinterbilete


11 kommentarer:

  1. Akkurat slik er det.
    Takk at du set ord på det!

    SvarSlett
  2. Underbart fint, riktigt härlig bild :-)

    SvarSlett
  3. Flott dikt, fin illustrasjon til diktet!
    Vi har ikke hatt no' ordentlig vinter i år her hos oss.
    Snøfritt og varmegrader for tida! I går var det 12!

    SvarSlett
  4. Nei, det har ikkje vore mykje til vinter her heller. Måtte bla litt i arkivet for å finne passande foto til diktet - bildet er frå om lag same tid i fjor!

    SvarSlett
  5. Jag kan riktigt se den vårrusiga lyckan i bilden, även om årets vinter inte varit lika tuff!

    SvarSlett
  6. Där kan man verkligen se hur våren kommer. Fin bild.

    SvarSlett
  7. Vackre och hoppfullt både i ord och bild!

    SvarSlett
  8. Lyden av vår- Bare overskriften fenger en fullstendig!
    Fortsettelsen og bildet bare forsterker dette! Vakkert, vakkert!
    -Margit-

    SvarSlett
  9. Vilken härlig bild! Jag minns tjusningen när jag var liten, när isen var på väg att ge sig och det gick att kasta stenar som tog sig igenom den is som jag bara några veckor tidigare kunnat åka skridskor på!

    SvarSlett