onsdag 5. mars 2014

Introduksjon





Det finst så mange grenser i verda,
grenser for kor vi kan gå,
kva vi kan seie, kva vi kan gjere,
sjå og høyre,
det finst grenser for det meste,
ja til og med grenser
for kor det er greitt å setje grenser –

og det er lett å trakke feil,
lette å setje foten på feil kvadratmeter,
lett å seie ord
som aldri skulle vore sagt,
lett å la vere å handle
der ein burde trått til og ytt sitt beste

og det er lett å sjå
at grensene varierer, vi tolkar
dei så ulikt, legg ulikt i dei
og somme tider
har vi heilt ulike grenser –
Ikkje rart det ofte er problematisk
å leve i fred… 

Viss vi ser verda frå ein satellitt,
ser alt så likt ut
- ingen grenser, ingen konflikter,
ingenting ditt eller mitt 

Av og til skulle eg ynskje
at vi alle måtte gjennom
eit introduksjonskurs
før vi fekk setje beina på jorda
- Nokre veker eller månadar
i ein himmelsk sofa,
ved sidan av Gud,
der han fortalte oss korleis jorda verkar,
kva som er lurt å gjere
        og kva som ikkje er så lurt,
kva som er viktig
        og kva som er uviktig

Den som består eksamen,
og skriv under på eit papir 
        der ein lovar å aldri lage våpen
        og alltid dele det ein får med andre, 
får gleda av å bli fødd inn i ei verd
med goder nok til alle
og lukke nok
til å leve i fred – saman

heilt til den dagen ein igjen hamnar i sofaen
og skal fortelje korleis det heile har gått…

Ville verda då vore annleis,
ville vi då vore skjerpa nok
til å velje det beste, for alle?

2 kommentarer:

  1. Så klokt skrivet! Funderingar som vi alla har (hoppas jag) har du satt ord på. Frågor vi inte törs svara på? Frågor vi knappt törs ställa.

    SvarSlett
  2. Det är intressanta reflektioner om gränser som du skriver om. Och tankar om en introduktionskurs med examen! Tänk om det vore så...

    SvarSlett