fredag 7. mars 2014

Hawwah



1
Hawwah, Hawwah
du som gøymer deg i jungelen,
det er ei tung bør du ber
på akslene

og at du ikkje kan sjå inn i framtida
er eit lyspunkt i alt det grå

2
I dag, Hawwah, er det du som ber skulda
og døtrene dine betalar prisen,
dei som samlar seg diamantar
og drep sine barn,
dei som kler seg nakne for all verda
medan dei druknar i si eiga frykt
for å ikkje strekke til,
dei som piskar seg og heng på seg lodd
som er altfor tunge å bere,
og trur det er eit krav – frå verda –

3
Hawwah, med bøygd nakke
tek du imot slaga
dei du slett ikkje har fortent,
du tek imot og tek imot og tek imot
og våre hjarte blør for deg
dei blør ditt eige blod, det vi fekk av deg,
no blør vi det for deg
og tårene dine er tårene våre
- det er den same elva
og renn mot det same havet

4
Hawwah, Hawwah
vår mor, vår søster
vår kvinne gjennom alle tider –
Du kan tre ut av din skjulestad,
legge av deg kleda
legge av deg skamma
legge av deg alt som har knust ditt hjarte
igjen og igjen og igjen –
Det du gjorde er slett ikkje ugjort,
men skulda er betalt,
du er fri!



#symbol
 Sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, er bildet i dagens innlegg faktisk eit foto... Motivet er enkelt, og bildeflata endå enklare, likevel passar symbolet, henta frå ei toalettdør, godt som illustrasjon til teksten. Og sjølv om teksten inneheld eit par spark, er den aller mest eit sympatidikt. Det er altfor mange kvinner i dag som lever i ufridom. Då tenkjer eg både på dei som vert direkte (og skammeleg) undertrykt i mannsdominerte samfunn, eg tenkjer på dei som møter fordomar og fordøming for den dei er, også her i vestlege land. Og eg tenkjer kanskje aller mest på alle dei tunge krava og forventningane som kvinner møter kvar dag, spesielt gjennom media. Det er ikkje lett å leve som eit verkeleg fritt menneske, når alt du høyrer frå massemedia (og då særleg reklamen) er at du ikkje er god nok, ikkje fin nok, ikkje populær nok, ikkje fint nok kledd, ikkje har fint nok hår, ikkje har fin nok kropp, ikkje har kvite nok tenner, ikkje... ikkje... ikkje... Det er på tide at vi (altså eg og alle andre menn) begynner å snakke høgare enn reklamen: Du er fantastisk, kvinne! Ver den du er skapt til å vere!
 

8 kommentarer:

  1. Flott bidrag, - både til B&W temaet og til det som kommer i morgen!

    SvarSlett
  2. Så fint och starkt bidrag!

    SvarSlett
  3. Dynamic. A wonderful reminder that freedom is free to all.

    SvarSlett
  4. Et flott bidrag til B&W, og flott hyllest til kvinnene,- så det er bare å takke!
    :)

    SvarSlett