søndag 9. mars 2014

Håp


Ordet håp -
Det er eit djupt og uutømmeleg ord
med mange dimensjonar

For eksempel kan ein håpe på ein ny vår,
håpe at den kjem - snart
og vite at det faktisk er akkurat det den gjer
- Så det er kanskje heller ein lengt?
Eit uttrykk for manglande tålmod -

Samtidig håpar eg -
på ein vakker vår (for det er ikkje garantert)
ein fredeleg vår (heller ikkje sjølvsagt)
og at eg får oppleve også denne våren (ein skal ikkje ta noko for gitt)


Og så håpar eg på borna
og for dei -
Dei er framtida, 
og dei er notida
Dei er vår felles lengt
om ei verd som skal gå framover
og ei slektslinje som vil halde fram,
samtidig er dei eit håp i seg sjølv:
- Eit håp om at vi alle må tenkje oss om
og møte dei (og vidare alle andre) 
med naudsynt kjærleik,
naudsynt omsorg, naudsynt fred

Klarar vi det
er det håp for menneska


Og så er det det evige håpet,
det som er sjølve fundamentet i livet,
eit bakteppe for mine handlingar
eit utgangspunkt for alle reiser
alle handlingar, alle ord

Eit håp som lyfter av den tunge børa,
og let meg møte verda med ei visse
om at alle ting kan forsvinne - alle ting kan mistast
- Alt eg eig, alt eg ser, alt eg er -
og likevel
er eg ikkje tom -

For eg har håp!


(Fototriss)

7 kommentarer:

  1. Fint och hoppfullt skrivet!
    Det finns mycket att hoppas om.
    Blir glad av din bild nr 2!

    SvarSlett
  2. Din triss talar till min själ ... vackert och innerligt!

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder med flott tekst! Ha en fin søndag.

    SvarSlett
  4. En bra triss
    Ha en fin dag
    Meta

    SvarSlett