søndag 2. mars 2014

Det store dyret




Det store dyret var ikkje temt,
viste det seg,
det var berre vi rundt som trudde det
og som hadde tulla oss inn i ein tanke
om ein tilstand av harmoni
utan grunnlag, viste det seg
då det store dyret reiste seg på bakføtene
og brøla
(eg kan endå kjenne holrommet
etter hjarteslaga som mangla)
og spora førte inn på framand territorium
der dyret ikkje hadde noko å gjere

Det er så lett å sitje her og rope:
Gå tilbake, trekk deg vekk,
vi ynskjer berre fred,
vi ynskjer å bu i husa, gå på arbeid
drikke kaffi med naboen,
sladre over gjerda, spele fotball i gata
surfe på internett
lese vekeblad hos frisøren
og alle dei tusen andre kvardagstinga
vi gjerne ikkje vil miste –

Ja, det er lett, for det er sant
Og det er lett,
for ropet kostar ingenting,
men vi fryktar
ja, vi fryktar
at det snart vert dyrare rekningar å betale
og at livet vil verte endra
for alltid –

når det store dyret vaknar frå dvalen
og trakkar over våre grenser
og brøler utanfor stovedøra vår

og vi ikkje har anna val enn å opne
eller få døra slått inn –


#Ukraina 

I dag les eg nyhende frå Ukraina med ein vond klump i magen. Og eit stadig veksande sinne: Kan ikkje Kreml - med tanke på kor mykje liding dei har påført folket i Ukraina dei siste hundre åra - berre halde seg unna og la Ukraina styre seg sjølv? Vi treng ikkje nokon ny Stalin. Vi treng ikkje nye overgrep. Vi treng ikkje nokon ny krig.
 

1 kommentar:

  1. Tøff legodinosaur, passer godt som illustrasjon!

    SvarSlett