torsdag 20. mars 2014

Det som bind






Det er noko som bind oss saman,
vatnet, fjorden
hjartet, lengten
alt det eg ikkje treng setje ord på
for det berre er der
taust
grått, varmt
som ei bylgje mot rullesteinsstrender,
som vinden mellom fjella
som sola over dei høge toppane

Det er noko som dreg oss saman,
lyfter, dyttar
set saman
det som høyrer saman,
alle dei usynlege trådane, som elastiske strikkar
mellom hjarte og vatn
mine føter, dine tårer
og eg vender alltid attende

Det er noko som dreg og bind oss saman

8 kommentarer:

  1. Vackert med det lite gråa havet som verkar vara på väg att blåsa upp till storm. Fina valda ord.

    SvarSlett
  2. Sååå vackert...både text och bild!
    My entry is here

    SvarSlett
  3. `Bind oss samen`og ikke `skiller ad` den var positiv og god å lese :-)

    SvarSlett
  4. Det var en otroligt vacker bild. Din text var också mycket tankeväckande.

    SvarSlett
  5. Vilken dramatisk bild, som kompletteras fint av texten!

    SvarSlett
  6. Lovely poem (so far as my Google translation does, at least). Goes nicely with the image.

    SvarSlett
  7. I can feel the pull in the waves of the sea… beautiful image and poem!

    SvarSlett