mandag 10. mars 2014

Båten og havet




Eg er ein båt 
Du er havet 
Eg er uløyseleg knytt til deg 
Du eksisterer fint i deg sjølv 
Utan meg 
Men held meg likevel oppe – 




Eg er ei åre
Du er vatnet
Stilt let du meg komme
Stilt let du meg gå
Utan eit motord
dyttar du meg endå ein bit – framover





Eg er den flytande,
Du er mi motkraft
I går var det stille
I dag er det storm
Og morgondagen – kva veit vi om den?
Det er i dag vi kjempar,
og du let meg vinne, gong på gong
 




Eg er forgjengeleg
Du er evig
Sakte, men fryktfullt
går mine fiber i oppløysing
Du er kompakt, slår dine taktfaste slag
mot stadig nye båtriper
 




Eg er eit vrak
Du er uforanderleg
Mine vegar må ende
- men også dei i deg
Til slutt vil du gøyme meg,
pakke meg inn –
til sist er eg oppslukt,
usynleg for verda, borte frå bølgjene
men endå i deg – 



9 kommentarer:

  1. You are so lucky to have all that nice water near you. Beautiful pictures of it!

    SvarSlett
  2. Very creative ocean photography ~ great for OWT ~ thanks, ^_^

    artmusedog and carol

    SvarSlett
  3. These are all beautiful ... I wish I could read your descriptions. And, I hope you can read my comments :) Lovely post ....

    Andrea @ From The Sol

    SvarSlett
  4. Every photo so different… the many moods of the sea, just like us.

    SvarSlett