fredag 21. mars 2014

Antisort



Sjå for deg ein fruktsalat
for eksempel
og sjå den for deg utan fargar,
sjå den som grå og kvit og svart

og du klarar ikkje skilje ei frukt frå ei anna
eller bli freista av det du ser

for det heile flyt saman,
auga skjelnar ingen forskjell

og tenk korleis det hadde vore
om vi alle var like
om vi alle gjekk likt kledde, eller
hadde på kvite grå og svarte klede
utan variasjon utan alt det fargeglade

og vi alle såg like ut
hadde same frisyre
same augefarge same tankar
same kjensler same meiningar
og tenk korleis verda ville vore då –

Sjølv vil eg velje fargane,
sjølv set eg pris på variasjonen,
ingen skulle få einsrette, gråstille
nøytralisere og sortere bort
noko som helst
viss fruktsalaten var berre min –




(The weekend in black and white, World Down Syndrome Day)

11 kommentarer:

  1. Jamen, precis så är det! JKanonbra text, exemplariskt illustrerad!

    SvarSlett
  2. Ett liv utan nyanser ... hade nog inte varit något liv ...

    SvarSlett
  3. Litt reklame for farger i livet? Men av og til er liver monokromt, og det er ikke så mange farger å velge mellom. Da får vi lete etter strukturen der vi finner den og dele på det vi finner.
    Jordbær har en fin struktur uansett :-)

    SvarSlett
  4. Flott dikt og passende illustrasjon!
    Likte B&W bildet, - "ser" fargene fordi bildet er så skarpt!
    Min B&W Blog: http://hanshb.wordpress.com/

    SvarSlett
  5. Flott betraktning!
    Takk at du deler :-)

    SvarSlett