søndag 16. februar 2014

Til dei grå dagane



1
Den grå kvardagen
seier dei
er grå, ja visst
men grått er ikkje det same
som kolsvart
og grått er ikkje det same
som trist
sjølv om grått og trist
ofte vert sagt på same utpust –

Det kan ofte vere vel så greitt
å hugse at grått
rimar på flott!



2
Bilete i monokrom
går aldri av moten,
bilete teikna
med ein einaste farge
(som regel kvit)
og blanda med svart
til grått i ulike djupner

Det vert ikkje keisamt av den grunn –
Alle som har sitte på eit svaberg
og sett utover havet
ein grå og vindfull vintermorgon
med regn som piskar
og bølgjer som slår
veit
at det finst langt meir enn femti
nyansar av grått!



3
Til dei grå dagane,
dei som ruslar av garde
utan å gjere så mykje av seg,
men går med kvardagskleda
over usminka hud,
avisa under armen
og eit lunt smil i munnvika,

Til dei dagane som ikkje gir store løfter,
berre kremtar stille
for å tilkjennegje sitt komme
og rekk forsiktig ut armen,
gir deg ei stødig hand å halde i
medan du balanserer med ustøe steg
over lina vi kallar tida –

Til desse dagane, desse grå
og stille dagane,
rettar eg merksemda,
det er desse eg freistar elske mest,
for det er av desse det er flest!



(Fototriss)

22 kommentarer:

  1. Väldigt fina bilder tycker jag.

    SvarSlett
  2. Jag gillar dina beskrivningar över havet! Självklart mer än 50 nyanser om man studerar dem... Vackert!

    SvarSlett
  3. Det nederste bildet gjorde meg glad.
    Ha en flott søndag.
    Mormor

    http://www.starbear.no/mormor/2014/02/16/gratt-x-tre/

    SvarSlett
  4. Visst kan det vara fint fast det är grått

    SvarSlett
  5. Nydelig skrevet.... og fint satt sammen i bilder!
    :)

    SvarSlett
  6. Flotte kombinasjoner av tekst og bilde som alltid!
    ha en flott søndag

    SvarSlett
  7. Fina gråa bilder även med en gnista ljus =)

    SvarSlett
  8. Det var väldigt fina gråa bilder. Det blir ett särskilt lugn i bilderna.

    SvarSlett
  9. Läckert gråa toner och tänkvärd text!

    SvarSlett
  10. Lovely photos for OWT ~ thanks,

    carol and artmusedog
    www.acreativeharbor.com

    SvarSlett
  11. Beautiful monochrome images. Silence.

    SvarSlett
  12. Very dramatic skies and photos. Thanks for sharing your world. Have a happy week!

    SvarSlett
  13. Wow, that is really dark and grey.

    SvarSlett
  14. Very moody pictures. All beautiful.

    SvarSlett
  15. Snygga bilder (och fin text) med många grå nyanser i.

    SvarSlett
  16. Veldig bra skrevet. Og veldig sant. Jeg ser det fargerike grå i ordene og bildene dine. Tusen takk!

    SvarSlett