tirsdag 18. februar 2014

Taus



I dag er hjernen stille,
tankane er stille
orda er stille, tause

Det er ein av desse sjeldne dagane
Der eg kan sitte og sjå utover ei verd
som skjuler sine mørke sider

og eg kan skjule mine eigne,
gøyme dei bak ein fasade av taus lukke
i ei verd som liksom smiler tilbake

For i dag er verda stille,
menneska er stille
orda er stille, berre naturen snakkar

Kviskrar sine mjuke ord
om livet, om håpet, om framtida
Let meg sitje taus, let meg sitje… let meg vere…

i taus fred

3 kommentarer: