fredag 21. februar 2014

Stabbe og øks



Eg er stabben
Du er øksa

Somme tider tek eg imot
overskotsenergien –

Somme tider
held eg deg fast, vil ikkje sleppe

og du set djupe merke i meg
kvar gong vi møtes

Og kvar gong vi møtes
kjenner vi oss endeleg heile – begge to

kjenner at vi er der vi skal vere,
eg som stabbe, du som øks

eller omvendt -


10 kommentarer:

  1. Flott bilde som illustrerer godt ditt dikt!

    SvarSlett
  2. Tejt og bilde er en flott enhet.

    SvarSlett
  3. Beautiful photo and something creepy.

    SvarSlett
  4. Imponert over hor enkelt og fint det kan gjøres. Og kombinert med ord.

    SvarSlett
  5. Eg blir heilt bergtatt av dikta dine.... Har du gitt ut noko i bokform?

    God helg :)

    SvarSlett
  6. There is a great deal of power in this photograph. Well done.

    SvarSlett
  7. Gorgeous photo in B&W! Great job!

    SvarSlett
  8. great black and white, and perfect words

    hugs

    SvarSlett