mandag 17. februar 2014

Som ein impuls



Nokre gongar ynskjer eg meg vekk,
at eg kunne bli ein straumimpuls,
krype inn i leidningsnettet
og sveve av garde
fem meter over bakken
så langt det let seg gjere

Ved vegs ende skulle eg stige av,
materialisere meg på denne nye staden
som ikkje kjenner meg
ikkje veit noko om meg,
ikkje har nokre merkelappar feste ved meg
og starte på nytt

Samtidig veit eg at det ikkje er så smart,
for ein kan alltids ynskje seg endå lenger vekk
same kor ein dreg,
og same kor eg er
må eg vere meg sjølv
og hanskast med dei same tinga
(sidan det oftast er meg sjølv eg vil rømme frå)

Difor står eg her, ser med lange auge
på linjene som leier vekk
Sukkar
endå ein gong
og snur meg tilbake, til mitt eige landskap
der eg får klare meg som best eg kan –

3 kommentarer:

  1. "Nissen" blir vel som oftast med på lasset er eg redd!!

    Men flott tekst og tankerekke :-)

    SvarSlett
  2. Ja, tenk om man kunne!
    Fin tekst og tilhørende bilde!

    SvarSlett
  3. Idyllic shot with enjoyable prose♪ http://lauriekazmierczak.com/catching-the-melt/

    SvarSlett