lørdag 1. februar 2014

Skildre vinden




Som ein tanke, ein draum,
noko flyktig du ikkje kan sjå
Likevel så nær at ingen er i tvil;
det var vinden som kom –

Som kjærleik, som håp,
alt det vi veit er der, ein stad
og som vi kjenner
og lengtar etter –

Men kven kan skildre kjærleiken?
Kan du vise meg ein farge
som svarar til ei kjensle av tryggleik –
Kan du forklare korleis fred ser ut?

Du ser ikkje vinden, du kan ikkje fange
ei krukke med kjærleik
eller ein neve håp –

Vi kan berre skildre det som er rundt,
alt som skjer, når kjærleiken, vinden og håpet
er der, som krefter som flyt over seg sjølv
og set spor i den fysiske verda -


4 kommentarer:

  1. Bildet ditt viser hva vinden kan gjøre - det blir konkret. men før det?

    SvarSlett
  2. The poor tree! Good composition.

    SvarSlett
  3. Som alltid en fin tekst med tilhørende bilde!
    :)

    SvarSlett