torsdag 13. februar 2014

Screening, veke 10



Kvar gong eg ser deg
som eit svart-kvitt bølgjande mønster
på screeningskjermen
vert eg fylt
til randa
av farskjensler, kjærlege tankar
om deg, om framtida
om det vi har felles, alt vi skal gjere –

Eg tenkjer på sykkelturar, rolege
frukostar med felles geisping
og deg i armkroken
medan vi ser barne-tv eller les ei bok
eller alle dei timane
eg kjem til å sitje ved senga di og synge
heilt til du sovnar
og eg går lukkeleg og stille ut av rommet
med slitte stemmeband
og eit hjarte som har fått mosjonen sin
også den dagen –

Eg ser deg, der du ligg og søv
som ei minidukke på screeningskjermen
og dei små rørslene
som du endå ikkje styrer,
men som snart skal forvandlast til
frenetisk krabbing over stovegolvet,
forsiktige steg langs stovebordet,
sleivspark på fotballen
og
med tida
stødige steg ut i verda –

Eg ser deg,
du er innkapsla, trygg,
midt i ei verd som kan vere hard og kald
og kynisk
overkøyrande
på måtar du slett ikkje kan drøyme om
og takk for det

Før du kjem til det punktet
at verda vert ein rund planet
med geværløp og tunge støvlar,
vil eg gje deg balast, vil eg gje deg
olje på tanken, lasterommet fullt
av kjærleik, av glede over livet

Mitt farshjarte bankar
Det er fullt av så mange ynskjer,
så mange håp
for deg –


(Det er nokre år sidan dette no - ho som eig føtene har for lengst fått kontroll på dei, og fyller snart fem år! Bildet er frå rutinekontroll i veke 18. Teksten er skrive i samband med tidlegscreening av veslesøstra nokre år seinare. Det var ei utruleg oppleving å få sjå bein og armar og hovud og heile det fantastiske vesle underet så tidleg som veke 10 i svangerskapet - og vite at vi ein dag skulle få bli betre kjent med det vesle mennesket som låg der og vaks for livet!)

5 kommentarer:

  1. Måste ha varit härligt att se bilden för första gången, ett underverk.

    SvarSlett
  2. Herlig med ultralyd!
    Flott innlegg!

    SvarSlett
  3. This is beautiful! Your child knew how to pose even then!

    SvarSlett
  4. Unique and quite touching post.

    SvarSlett