tirsdag 4. februar 2014

Ein annan pappa




Eg skulle ynskje eg hadde ein annan pappa
enn deg
sa veslejenta (ho er fire), i fullt alvor
- ho var ikkje sint ein gong,
berre litt irritert –
Ja vel, sa eg
og korleis er denne pappaen, då?
- Han skal vere kuul
Heile tida
sa ho, men kunne ikkje seie noko meir
om kva det innebar –
No høyrer det også med til forteljinga
at eg
den ukuule pappaen
nettopp hadde sagt ho skulle vaske hendene
etter at ho var på do
- slike uhyrlege krav
kan få fram det verste i den beste –

5 kommentarer:

  1. Av barnemunn ..... En "koseleg" situasjon, trass- alt!

    SvarSlett
  2. Flott skrevet og med perfekt illustrasjon!

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. hei igjen, det er eg som sletta smilefjeskommentaren min, trudde alt for. Unknown såg litt trist ut når eg er Marie :)
    Av barnemunn...... :)

    SvarSlett