mandag 24. februar 2014

Det er noko...


Det er noko
med desse små vekstane,
desse som du aldri ser
fordi dei er så små, så beskjedne
og stille og skjulte i verd
der alt er så smått

Det er noko med desse små
vekstane, desse som veks i det stille
utan at nokon ser, utan at nokon høyrer
eller klappar i hendene
og jublar over det dei får til

Det er noko med desse
små små venene, våre naboar
som aldri vert besøkt, aldri bankar på
aldri ropar etter deg på vegen -

Det er noko
med desse - viss du bøyer deg ned,
vågar deg ut av det vante
og ned på eit anna plan - vil du sjå,
det er noko med dei...

4 kommentarer:

  1. Et flott dikt og så sant. :)Hilsen Else Britt

    SvarSlett
  2. Så sant som det er sagt. Det er mykje stort i det små om ein berre kjem tett nok på :)

    SvarSlett
  3. beautiful photo and words
    that's the problem, we not stop to see the little but big things

    hugs

    SvarSlett