torsdag 9. januar 2014

Ut




Somme dagar
er rommet for lite,
lufta eg pustar
er klebrig og grå
Uansett kor eg snur meg
er veggar
og alt eg kan tenkje er
ut, for…

Ute på gata
fell verda på plass,
eg kan puste inn
fridomen, kjenne meg fri,
men…

Somme dagar
er gata for lita,
lufta eg pustar
er kvelande tom
Eg snur meg og snur meg
og søkjer eit kryss
eg kan velje, og komme meg
ut, for…

Ute i verda
fell livet på plass,
eg kan puste inn
fridomen, kjenne meg fri,
men...

Somme dagar
er verda for lita,
lufta eg pustar
er ingenting – svart
Og eg stiller inn hjartet,
søkjer ei hamn
eg kan leggje meg inntil og kvile meg
ut, for…

Oppi Guds hender
fell livet på plass,
eg kan puste inn
fridomen, kjenne meg fri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar