tirsdag 21. januar 2014

Tenk om...


… det berre var tanken som talte,
og at alt vi tenkte dukka opp som
materialiserte knoppar på verdstreet

I dag ville det vore kjekt

I morgon vil vi bli bekymra,
og svarte blomar sprett opp
kor enn vi ser

I overmorgon… vil vi alle ynskje oss tilbake
til abstrakte teoriar
og blomane ville visna
og kvelingskjenslene gje slepp –

dei andre blomane,
dei som blømer utan ein einaste av våre tankar
vil igjen råde grunnen og vi er glade
for tanken si avgrensa makt…


8 kommentarer:

  1. Beautiful rose, and words!! :-))

    SvarSlett
  2. Vackert, ibland borde vi inte fundera så mycket utan tala från hjärtat.

    SvarSlett
  3. Vacker bild och tänkvärd text. Det är nog bra om vi inte får allt vi tänker på...

    SvarSlett
  4. Så filosofiskt intressant. Jag översatte till svenska men det blev inte alls lika bra som det var på norska. Google translater förstår inte det filosofiska språket :)

    SvarSlett