torsdag 30. januar 2014

Pære

Eit laurdagsdikt på ein torsdag... berre fordi eg likar pære så godt! (Torsdagstema)
 

Når lakrisen tyngjer som stein
og renn som seig sirup i kroppen

Sjokoladen smeltar på tunga…

Når brusen er slokna, heilt temt,
eg klarar knapt svelgje ein dråpe (til)

Sjokoladen renn mjukt gjennom halsen…

Når chipsposen knitrar, og sofaen gynger,
dropsen er borte, og samvitet tyngjer

Sjokoladen boblar i blodet…

Då skulle eg ynskje
det var deg eg åt
du saftige, fristande pære!

3 kommentarer:

  1. Hmm, choklad och päron tillsammans är oxå gott!

    SvarSlett
  2. Love the design in your photo! Do you have a translation widget? Like to read your text:) Have a great weekend, and thank you on commenting on my blog earlier!

    SvarSlett
  3. Freja: Nei, det er ikkje nokon dum kombinasjon det heller!

    Jeannette: Thank you! I haven't got any translation widget, by intention... Google translator is a really bad translator of poems! But I could translate poems myself, if requested. I don't know if I want to translate this one, though... It's not a poem I'm very proud of, it's just written for fun. It is about me eating chocolate and drinking soda, and when all the sugar is messing with my body, I wish I had eaten a pear in stead... Really deep and meaningful :-)

    SvarSlett