mandag 27. januar 2014

På lån


Ei vag kjensle
av noko flyktig
legg seg som eit filter
over auga mine
- de spring over snart frosen grunn,
ei eng, der sommaren ein gong var
og eg ser dykk som mine plantar,
mine blomar
i ein sommar som varer og varer
men eg veit –
de er her på lån, i dag
i morgon
og så ein dag er det eg
som går der, krokrygga, sliten
over dei frosne livsmarkene
og undrar – kor vart dei av, alle
dagane eg skatta
så altfor lågt?

Ei kjensle av noko flyktig
legg seg som ei hinne
over alt eg gjer
og ei kviskring stig opp
som damp
ifrå molda:
Dei er her i dag – i dag!

I DAG!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar