søndag 19. januar 2014

Nærgåande




1
Kor nær deg sjølv tør du gå,
tør du sjå så nær
at alle kjende strukturar forsvinn
og du ser alt det som ligg bak
dine handlingar, bak
alle dine meiningar og tankar,

tør du går så nær innpå deg sjølv
at du ikkje lenger har nokon forsvarsverk att
å gøyme deg bak,
men må sjå grunnvollane i livet i kvitauget
og vurdere – utan filter
om dei held?




2
Nokon gongar må du gå nær,
krype så nær inntil dei store mysteria
at dei viklar seg ut som
tynne trådar
og du ser mønster
du aldri før har sett

ikkje fordi dei ikkje var der
men fordi du aldri bøygde deg ned
berre hasta forbi –




3
Du kan gjerne sitje i ro,
gjerne setje deg ned
og la alt passere
- kanskje kan du vere eit stille punkt
ein stad utan lufttrykk, utan vind
utan regn eller varme,
kanskje kan du vere auget i tornadoen –
og sjå verda snurre
som om den snurrar rundt deg
(det er lov å late som, ei lita stund)
og du kan gjerne la alle tankar
om morgondagen kvile
og ikkje tenkje på… det du tenkje på
for ei stund –
verda kjem tidsnok nær att,
verda opnar seg raskt nok opp att
eller lukkar seg
(alt ettersom)
og du vert dregen med
i det dei kallar livet




(Fototriss #244)

15 kommentarer:

  1. Wow! Snyggt i närgånget :)
    http://foto.rudenius.se/?p=2477

    SvarSlett
  2. Wow, vilka detaljer! Mycket fin närgången triss!
    http://blogg.loppi.se/40plus/2014/01/19/fototriss-narganget

    SvarSlett
  3. Fantastisk vakkert, både bilder og ord :)

    SvarSlett
  4. Så viktig og vakkert reflektert :-) ikke minst flotte foto da gitt!!

    SvarSlett
  5. Snyggt fångat....vackra bilder...fin triss.....=)

    Kram Ninni

    SvarSlett
  6. Mycket vackra bilder med fin text. När man använder makro upptäcker man saker, som man tidigare inte lagt märke till. Men inte alla har den möjligheten, att stanna upp, summera, leva i nuet, ta beslut för framtiden. Man måste kanske bara se till att bara överleva.

    SvarSlett
  7. Vilka vackra kristaller och tänkvärd text1

    SvarSlett
  8. Så läckra bilder och texten....och livet är som det är och för vissa gäller det bara att ha näsan över vattenytan.

    SvarSlett
  9. Men du tar ju andan ur mig med dina bilder och dina ord!

    SvarSlett
  10. Wow! Vilka häftiga bilder! Vad fotar du med? =)

    SvarSlett
  11. Takk for hyggelege kommentarar! Elisabeth Åsberg: Vanlegvis tek eg bilder med eit Nikon D3100 systemkameria, men akkurat desse er faktisk tekne med eit kompaktkamera! Nikon coolpix p300. Veldig god nærbildefunksjon, pluss at det var ein krystallklar dag med godt lys!

    SvarSlett
  12. Spot on! Både ord og bilder, Englepappa. Nok en gang. Traff meg midt i planeten. TAKK!

    SvarSlett