fredag 24. januar 2014

Imitasjon #2




Sakte let eg vinden fylle alle
porene i huda mi, fylle
blindvegane i livet, alle skjulte rom
eg har halde lukka og låst

Eg let vinden sakte fylle alle
mine tankar og rørsler,
til eg vert usynleg, flyt i eitt
med bakgrunnen
forgrunnen
og alle andre grunnar eg har
til å ville forsvinne frå dette punktet

Vinden fyller sakte alle mine
motiv, alle tankar eg har
om meg sjølv og alt det andre
rundt, alle mine skisser
av korleis ting burde vere,
let vinden blåse det bort
så eg kan bli eit lukkelegare menneske –

Alle vindar let eg sakte fylle
mitt indre, let dei leike
i årene mine, kjenner eg vert fylt
av rørsler, fylt av framdrift,
fylt av ei lengt
etter å bli heil

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar