onsdag 1. januar 2014

Håp


1
korleis kan eg skildre håp -
er det ikkje som å sigle nedover ei elv
utan årer, utan kart, utan aning
om retning eller kva ein vil passere
anna enn akkurat der ein er,
kjenne straumen rive båten med
og vite at endå flyt den
og der framme vil den truleg finne land
ein stad med roleg vatn
og ein kan stige ut
på ei ukjent strand og vite
at dette
er heime


2
håp er blodet som bankar
gjennom hjartet mitt, bankar seg veg
gjennom årer og organ
humpar og går - dag for dag
med ei retning, eit mål;
eg ser på tre små hovud
som søv på kvar si pute,
ser pusten gå sakte - inn - ut - inn - ut
og blodet mitt bankar
for dei


3
smilet i fjeset ditt -
eit lite, uventa smil, ein respons
på ei handling som du ikkje hadde venta
- ei hjelpande hand, eit oppmuntrande ord,
nokon som stiller opp
når du trengte det
og du smiler
og smilet teiknar ei verd
som ei lita stund 
er slik den burde vere
alltid


4
eg håpar -
på rettferdig fordeling,
rettferdige val,
rettferdige leiarar som tek rettferdige avgjerder
i eit rettferdig styresett,
rettferdige lønningar,
rettferdige jobbar,
rettferdige håp -

eg håpar
på rettferdig fordeling av rettferda


5
håp er det eg teiknar
når du seier ord som kjærleik
- eg håpar på kjærleik
eller fred
- eg håpar på fredeleg sameksistens
i ei verd som har altfor lite sam-
i forhold til -eksistens
og eg teiknar håp
når du seier ord som framtid
og tru
og fellesskap -

eg teiknar håp
som ein strek gjennom alle
mine andre teikningar -



Godt nyttår alle lesarar her i Mørkerommet! Eg håpar de får eit år fylt av gode draumar, glede, kjærleik, rettferd, empati, omsorg og trivelege arbeidsdagar!




4 kommentarer:

  1. Velsigna godt nytt år!
    Gler meg til fleire dikt og refleksjonar.
    Takk :-)

    SvarSlett
  2. Fina bilder och fin dikt. Det är riktigt passande.
    God fortsättning.

    SvarSlett
  3. Mycket vackra bilder och kloka tankar. Jag instämmer i dina förhoppningar :)

    SvarSlett
  4. Flotte nyttårsbilder og vakre ord og tanker. Ønsker deg et riktig godt nytt år! :)

    SvarSlett