mandag 13. januar 2014

Grøn vinter




Eg ser meg stå på ei snødekt eng,
med ski på beina
Ein bleik måne lyser
mellom frostkvite bjørkegreiner

Det er eit bilete, nærast ein metafor,
i albumet mitt
Eg klistra det inn med kalde fingrar
for snart eit år sidan –

I år står eg på den same enga,
lent inntil ein stein
Fotoapparatet zoomar inn
på dei grøne plantane – i skuggen

Dette er også eit bilete, nærast eit symbol,
i albumet mitt
Limen festar betre i år, forholda er gunstige,
dette biletet vil truleg henge lenger –

8 kommentarer:

  1. Här var det grönt...
    Kram Kakan

    SvarSlett
  2. Vacker bild och text - som vanligt härinne hos dig!

    SvarSlett
  3. Flott bilde ! Og er glad i tekstene dine :-) ha en fin uke !

    SvarSlett
  4. Beautiful photo. I would love to read the poem, but I don't have a way to translate it to English. My grandma was Norwegian, but I only know a little bit myself.

    SvarSlett
  5. Veldig fint bilde. Og som alltid gode ord. Håper snøen har kommet eller kommer snart. Her er det kaldt, men jeg ønsker meg litt mer snø så jeg kan gå på ski.

    SvarSlett