torsdag 2. januar 2014

Blå


eg er blå
eg er mørk
her eg svevar
i eit landskap
eg kjenner
frå dagar og netter
i einsam kamp
mellom vatn og luft
i eit rom definert
av kor sakte lyset kan gå
når det er vinter og kaldt

eg er ein reisande
i blått landskap,
farga av det filtrerte lyset
frå lengtande draumar

4 kommentarer:

  1. Beautiful photo. Happy New Year

    SvarSlett
  2. Det er så mykje vakkert på bloggen din, både bilde og tekst.

    Godt nytt år!

    SvarSlett
  3. …eg er ein reisande i blått landskap.. Så beskrivende, så vakkert du finner ordene, Englepappa, for akkurat slik jeg kjenner det nå. TAKK!
    Godt nytt år.

    SvarSlett