lørdag 30. november 2013

Utsikt

Desse tre bildene er tekne frå same fjelltoppen, og stien opp startar i nærleiken av der eg bur. Dette er altså utsikta over mitt "kongerike"!

1

Mot nord ser du fjorden,
den snor seg som ein slange
mellom bratte fjellsider
og ligg der og glitrar
som ein motorveg
for oss som vart vaksne i fjøresteinane,
mellom tare, båtar og naust

og får pustevanskar
etter tredje døgnet borte
frå det lækjande suset frå fjordvatnet,
lukta av vestland,
som har festa seg til sjølve ryggrada
og styrer våre steg – som ein magnet –
stadig tilbake til fjella, til fjorden,
til landskapet vi er blitt som ein del av





2
Mot vest ser du havet,
dei glitrande bølgjene
lokkande med sine kalde fingrar
og sitt opne smil,
havet, bruset av tidevatnet
gjennom årene våre, via hjartet
og ut til kvar siste fiber i ein kropp
som aldri har sett noko vakrare
enn siluetten av kvinna, si kvinne
i kontrast til eit havblikk – to element
som flyt saman
og held verda på riktig stad
 




3
Mot aust – skogane og dalane,
sjølve bakgrunnen, bakteppet
som ligg der som eit lerret;

det er her vi teiknar våre liv,
det er her vi limar fast havet og fjorden
og festar sjølve liva våre fast
til ein kvardag, tida som går,
og strekkjer det heile ut,
lar det tørke i havbrisen
og vise eit bilde av liv som er levd:

fjorden rundt våre føter,
havet som glimtar i auga
og skogdalane som eit rygglen
å støtte seg på


Like ulike



Det eg likar best med verda,
er at alle ting er så ulike

at det ikkje finst to like blomar,
at to blad på same tre aldri er kopiar

at når eg møter eit anna menneske
kan eg spegle meg i auga

og likevel vite – vi er ulike, vi er annleis
skrudd saman, i tankar, i kjensler, i hud –

eg kan gå gjennom byen, sjå på alle eg møter
og ikkje sjå to som er like, to som gjer likt

kanskje gjeld det heilt inn til dei stødigaste atoma,
med elektron, i aldri samanfallande baner –

og når eg ser huda di i kontrast til mi,
og smilet ditt møter mitt i asynkron harmoni –

då skjønar eg, då tenkjer eg
i mine unike hjernebaner, at

verda er eit mangfald, verda er ei blomeeng
der vi alle er like ulike, og difor like spennande!

torsdag 28. november 2013

Tunnel



nokre meter i mørket,
ei stund utan sol, utan regn
som eit vakuumsekund – ei nanomengd
skuffa tårer, håp som brast,
ein dag som krølla seg, framtida
med eitt usikker, utrygg og skummel
og du anar ikkje kvar vegen vil føre deg hen –

nokre meter i mørket,
der skinnene stoppar, og toget fortset
ut i det blå
- kvar vert det av –
kvar er du – kvar er resten av verda
som før lyste blå og raud og gul,
men no er redusert
til gråstein, svarte veggar, sorgdrypp
frå taket –

nokre meter i mørket,
men så 
vil dagen opne seg att,
lyset strøyme inn – lyse opp
og du ser vegen, du ser håpet
som tørkar tårene, vaskar vekk
dei svarte skuggane som har festa seg
til hjarte, til auge, til tankar –

midt i mørket,
midt i svartaste tunnelen:
ikkje mist håpet

om lys