torsdag 31. oktober 2013

Teater



Dette er mitt teater,
det er her eg er sjef
og her kan alle ting skje –

for det første er skogen skråstilt,
så at noko kjem til å falle
er gitt

og trea er rette (her er lite vind)
noko som opnar opp
for fleire moglege scenario;

eg vil for eksempel begynne
med matematikken (ja!)
Eg skal hengje opp gåter
rundt heile skogen,
så får det vere opp til deg
om du vil løyse dei, eller bøye unna

fritt val, altså
eg er ikkje veldig streng slik

Det er heller ikkje umogleg
at det vil dukke opp ein fisk
eller to, symjande mellom trea,
kanskje ein heil stim
for her er det eg som er regissør
og seier eg fisk
så blir det fisk
og det blir det
så fisken dukkar opp, og ser seg måpande rundt
her er så underleg

Til publikums store glede
vil showet vere raskt unnagjort
- sjå på fisken og gå
- løys ei gåte og gå
vidare til neste nivå – tivoli!
(som skildra i eit anna dikt)

og teateret stengjer med fynd og klem
nøyaktig klokka tre
Då er det tid for middag

Den store stilla

Eit dikt i høve halloween ... sterkt inspirert av Eyvind Skeie sitt blogginnlegg: Nei til halloween.




Ein kyrkjegard
Ei grav, ein stein
Eit punkt for sorg, ein stad med tårer

Her kviler dei vi mista,
her kviler dei som reiste
i si tid, eller altfor tidleg
eller før tida kom i det heile –

Dei som verda ikkje klarte halde,
dei som glapp – dei som flimrar
som stillbilete
på våre indre minnetavler

Dei som no er støv
og til slutt vil verte gløymte
når alle minne vert blåste ut –

Ikkje slokk lysa i dag
Ikkje slokk håpet;
Ikkje frykt dei døde
eller den store stilla

Ikkje kle deg i dødens drakt
og trå inn i den mørke natta
med redsle i hjarta
og redsle i dine fotspor –

Tenn heller to lys,
eitt lys for dei som reiste,
og eitt for oss som er att

Stå rak i ryggen,
la tårene renne
kjenn hjartet ditt banke, det lever,

du kan gripe ei hand som er større enn di –

Den store stilla
kan brytast
av evig håp –

onsdag 30. oktober 2013

Frisk



Då vi var små
drøymde vi om framtidsmaten;
Ikkje mat på bognande fat
eller steik eller fruktfat
så store som fjell

Nei, vi drøymde om piller
Piller!
Ei gul ei til frukost, ei grøn ei
til lunsj, og kanskje to raude til middag…
Tenk så mykje tid vi då ville få
til lego, tikken, boksen går,
brentball, fotball, stele egg –
(Viss vi då endå ville vite om egg)

I dag er vi glade
at draumar er draumar
og helst ikkje røyndom,
og piller kjem fortsatt på toppen,
som eit substitutt i vintermørket –

Det sit ein katt
og trillar ball,
ventar med to store auge
at leiken skal ta slutt

Får eg trille den i munnen din
og hoppe etter sjølv,
så skal eg gjerne bringe
allting rundt
og kanskje får du vere frisk
ein dag til –

Vel, pillene er der, då er det greitt
at dei i det minste ser artige ut
og kan brukast som fotoobjekt

meir enn det
trur vi ikkje det vert


tirsdag 29. oktober 2013

Dagen startar



høyr kor stille det er,
kor nattlydane kappast om
å ikkje verte høyrte – eller sett
av dei mørke skuggane
som snor seg mellom trea, over marka,
mellom hus og gjerdestolpar

kjenn kor roleg natta voggar
sine barn til stille gløymsle –
kven hugsar sine dårlege handlingar
eller fastbrent sinne eller
ord som kom så altfor skeivt
- i draumeland?

så kjem dagen listande
på sokkeleisten over doggvått gras
og kviskrar ømt mot rosa kinn,
eit kyss frå lyset, kyss frå dagen
(- eit judaskyss for plaga sinn)
og vekker sine barn frå nattedvalen