lørdag 31. august 2013

Skuggen

Det er stille i huset,
snart demrar dagen,
og mørket må vike for sola
Berre tassande føter, to små
går opp trappa – steg etter steg
med nølande fryd

To auger ser seg forundra rundt
- her er så tomt!
Kor er dei alle saman – kor er mamma,
kor er pappa, kor er søskena blitt av?
(ho gløymer å sjekke dei bulande dyner)

Til slutt når ho toppen, og trappa tek slutt,
på golvet i gangen står skoa og ventar,
og lenger inne, i stova, er leikar og dagen
som lokkar med forunderlege eventyr –
men no er det stille, og litt mørkt
Er her ingen? Hallo? så stille ho kan,
Tek endå eit steg inn i gongen - forsiktig

Med eitt er det noko - det flyt som ei rørsle
til sida, ein skugge som flyttar seg raskt,
eit smell imot ruta – ho kastar seg rundt
Og hyler i forsvar, så høgt som ho kan;
Det er ropet som rungar, det gjallande skriket
som vekker oss andre frå søvnen
Eg flyg ut av senga – kva er det har hendt?
Eit hyl som går heilt inn til mergen

Med hjartet i halsen, og redsla i hjartet,
spring eg mot trappa og opp i ein fei
Der står ho; ho skjelv, og auga er store,
tårer og snørr i eit lite, kvitt fjes
Kva er det? Kva var det? Kva hendte her oppe?
Men hulka dei varer – og ikkje eit ord

I vindauget ser eg ein skugge mot veggen,
vårt svarthåra monstrum, godmodige katt
Eg tenkjer meg til kva som hendte…





fredag 30. august 2013

Nederlag



I dag grov eg eit stort, mørkt hol i hagen,
så djupt, at eg nesten ikkje kunne sjå botn

Etterpå klatra eg ned,
og her sit eg no,
med hendene for auga, og knea mot brystet
og ventar

Ventar på noko;
At sola skal sjå over kanten
og fylle mitt hjarte med lys

Eller at nokon skal bøye seg over,
sjå meg og rope meg opp att –
Be meg komme ut i lyset
og sjå at verda er som før
- for det veit eg jo at den er

Det er berre ikkje så enkelt å sjå det
her nede
kor eg sit
nett no

---

og ventar – du finn meg vel snart?



#pytondag

Dette har vore ein dag eg gjerne skulle stryke frå kalendaren. På så mange vis. Og det har vore mi eiga skuld, i all hovudsak. Satsar på at laurdagen vert betre. (Biletet tok eg forresten under den førnemnde fjellturen!)
 

torsdag 29. august 2013

Blits



Dei er oppe om natta,
og skvett til av blitsen –
Eg har snike meg gjennom krattskogen
Stille – så stille eg kan
- Eg er slett ikkje Hjortefot,
men dei høyrde meg ikkje
då eg lista meg gjennom graset,
følgde bekken eit lite stykke
og svinga inn i den mørklagte underskogen
Der stod dei og kviskra,
eg høyrde suset frå blada og svaielydar
frå stilkane –
Sakte rigga eg meg til,
Sette fotoapparatet i posisjon
og sikta meg inn der eg høyrde dei stod

Eg skrudde på blitsen – eit lite pip kunne høyrast
Brått tidde dei, eg venta i andelaus spenning,
til dei igjen tok opp praten – eg var usett
og klar,
eg trakk pusten ein siste gong, trykte ned knappen,
og eit lite brøkdels sekund
var heile underskogen opplyst,
hundre forskrekka kløverblomar stirra
måpande
mot kamera – (men det såg eg først seinare,
etter å ha framkalla filmen)
Så vart det mørkt att, og eg la på sprang – tilbake,
før nokon rakk å sjå kven eg var…

onsdag 28. august 2013

Tid



Eg skriv mitt namn i sanden
Rissar det inn,
bokstav for bokstav
Ser hendene eldast,
ser graset visne
og fjella – som før var så høge
er lempelege, venlege kjentfolk
- Eg slår av ein prat,
ser ut over fjellvatnet;
Tenkjer på dei som sat her før

Eg ser mitt namn i sanden
Sakte vert det viska vekk,
bokstav for bokstav,
til ingenting står att –
Her var eg, her sat eg og tenkte,
før eg reiste meg, bukka
og gjekk



#å kjenne seg liten

Eg har vore eit døgn på høgfjellet, under bratte fjellveggar, ved klare fjellvatn og fleire kilometer vid utsikt. Slikt landskap gjer meg alltid audmjuk, og får meg til å kjenne meg liten. Liten, men på ein god måte. Eg kjenner meg som ein del av noko større. Eg er eit menneske, i historia. Kor mange har sett dette landskapet før meg? Kor mange kjem til å sjå det seinare? Dette diktet skreiv eg i går kveld, medan eg sat på ein stein og såg utover landskapet du kan sjå på biletet over.