tirsdag 30. juli 2013

Ytst på kanten av seg sjølv

Stå på grensa til noko framand,
noko som lokkar,
midt i vår frykt
og redsle for å gå vill
Det som kallar på oss, dreg oss
utover, over kanten, 
over våre eigne grenser



Vi står på vippepunktet, 
mellom det kjente
og det som endå er mørkt
som ein svart vegg
ved enden av vegen vi går



Mjuke tonar smyg seg over vassflata,
snor seg fram mellom bølgjene:
over, ned, mellom, 
over, ned, mellom,
som ein symfoni 
for einsame sjeler,
ytst på kanten av seg sjølv



Kor kjem dei frå, desse tonane?
I natta listar dei seg 
heilt fram til øyredøra,
bankar på, 
men går inn før vi svarar;
Dei lokkar – 
nærare kanten, våg, 
ja, våg!



Og vi står på grensa 
til noko framand,
livet er ikkje lenger det kjente,
vi stussar, 
kjenner eit gys gå gjennom kroppen; 
Det er kaldt



Ingen vegar fører attende
til uskuldige gleder 
og sorger
Vi må hoppe,
det er ikkje eit val – 
melodien veks i styrke,

og i det vi tek steget,
hoppar frå kanten
med redsla bankande 
som ei tromme i magen,
strekk melodien tusen strålar 
mot oss –


- og let oss falle mot det ukjente,
fryktsamt – og kontrollert

No vert ingenting som før, 
vissa står skrive over hovuda våre,
men redsla er borte –


mandag 29. juli 2013

Spegle himmelen



Det er rart korleis det mørke vatnet,
heimen til det djupe og skjulte,
kan spegle himmelen, vise bilete
av det høge, luftige og frie –
Slik eg nokon gongar ser det heilage spegla
i auga til fortvila menneske,
på botnen av tilværet og på andre sida av grensa
til sorg over eigne feil og manglar
- Der strålar noko gjennom,
noko høgt og fritt, noko utanfrå,
som gir liv til det døande
og næring som regn over dei gode frøa…

onsdag 17. juli 2013

Lære av dei store



Kvar dag får ho høyre;
og slik gjer du det!
Snu genseren andre vegen…
Den andre skoen på venstre fot…
Gaffelen her,
og ingen bein på bordet…
Hugs å smile og seie takk
Hugs å teie
Hugs å snakke
Hugs å gjere begge deler,
men til riktig tid, på riktig stad!

Kvar dag må ho leve si rolle,
vere den som ikkje veit – endå
vere den som skal lære,
den som skal – bli betre?

Kvar dag må eg minne meg sjølv:
Senk krava, senk skuldrene
Ho lærer, ja, ho lærer

Og eg lærer sjølv, eg plukkar opp
eit hint i ny og ne,
at læring skjer…

For dei store skal lære dei små,
dei store veit ofte betre
(ja, det har ho lært,
eg sukkar og angrar på mykje…)

dei store kan vise vegen;
Så sit vi der ved bordet,
og eg høyrer eit ekko av meg sjølv
- mine fraser, mine ord, mine tonefall -
bli ei stakkars dokke til del

og eg forstår
ja, eg lærer
det er slik eg vert tolka, forstått

I morgon skal eg bruke færre ord
og heller leve opp til eige mas
og teie stilt med resten

Det lærte eg i dag
av dei små

mandag 15. juli 2013

Springe



Spring, barn, spring!
Du er vinden gjennom graset,
du er håpet
som veks gjennom skyene
Du er fridomen som syng
sin stille song over enga –
Så spring, barn, spring,
ikkje la deg stoppe
av ord eller sperrer –
Ikkje la deg stoppe,
nei, la deg aldri halde tilbake!

fredag 12. juli 2013

Skog

Eg elskar skog
som ikkje gjer seg til,
ikkje står fram som noko anna
enn seg sjølv
men berre står der, staut og rak
og heil
seier, her kan du gå, her kan du vere,
så lenge du let meg vere som eg er

Eg elskar skog
som eg kan møte med opne armar
springe i danse i vere i og vite:
Vi er god nok, begge to
og let kvarandre vere som vi er