søndag 30. juni 2013

Karneval



Eg venta på klovnane
Dei fargeglade sprellemennene
For ingen – var så ærlege
Ingen – kunne vere
seg sjølv
fullt ut
som dei

I dag foraktar eg mine naive tankar
Og klovnane, dei triste og grå
bak sminka og falske smil
har sett seg ned på ein krakk
og trekt av seg skoa

Eg venta på styltegåarane
Dei høge himmelskraparane
For ingen – kunne strekke seg så høgt
Ingen – kunne sjå
så langt
og vidt
som dei

I dag ler eg av mine naive tankar
Og styltegåarane, dei livredde små
høgt vagla over det verkelege livet
har klatra nedover stolpane
og lagt kinna mot bakken

Eg venta på dei lettkledde dansarane
Dei glatthuda, skinande flotte
For ingen – kunne spreie gleda så vidt
Ingen – kunne danse
fram smila
og begjæret
som dei

I dag sukkar eg over mine naive tankar
Og dansarane, dei finpussa fasadane
bak silke og flagrande fjør
har senka farten på beina
og stivna i siste sving

I dag ser eg livet
- Eit karneval!
utan barndomens naive filter
Sløret er borte, veggane falt
Eg søker berre det
som er ærleg

lørdag 29. juni 2013

Stråa og vinden



Eitt strå kan ikkje stogge vinden
om det strittar aldri så mykje
- heller ikkje to – eller hundre
Dei klarar ikkje stå imot,
dei klarar ikkje bremse farta, til slutt
må dei alle bøye seg
og gje etter
for overmakta

fredag 28. juni 2013

Eg og du, eit møte, ein veg

10 år - Hurra! Gratulerer med dagen, N!



Den første våren
Var så annleis enn denne
Vi var så annleis
Tenkte andre tankar
Hadde andre ynskjer og idear

Eg såg framover
Men ante ikkje kva eg såg etter
Eg berre visste at framtida låg der
Venta
Uskriven, tom, klar til å bli fylt
Alt var ope

Så møtte eg deg
Eit anna menneske, som også såg framover
Dine draumar, dine ynskje, dine utsikter
Så annleis enn mine

Og fortida mi
Og fortida di
Var to heilt ulike bøker
På kvart sitt bibliotek
I kvar si bygd
Kvar sitt liv

Tenk, der hadde vi gått, heile livet
Utan å vite
Og så plutseleg møttes vi
Vegane våre krølla seg i hop
Ein sving hit, ein sving dit
Og dei svinga same vegen
 
Framtida kom, møtte oss
Vi møtte den saman
Gjekk steg for steg
Nærma oss kvarandre
Nærma oss draumane, håpa
Muligheitene

Vi forma tida, forma dagane
Saman
Begynte vi på ei ny bok
Vår bok
Ei som handla om oss

No er den alt blitt tjukk
Vi har skrive i den, begge
Ikkje alt er vi fornøgd med
Men det meste
Og uansett er det vårt

Fortsatt ser vi inn i framtida
Fortsatt har vi draumar, ynskje
Dei samsvarar meir
Vi ser parallelle vegar
To ulike vegar, samanfletta

Vegane heng saman
Heilt sidan det første møtet
Eg og du
Du og eg
Og historia vi skriv i lag

onsdag 26. juni 2013

Viss lukka er ei øy



Viss lukka er ei øy
og vi flyt rundt på store havet –
Speidar etter fjerne horisontar
mellom blåe hav og blåe himlar;
ei strand å slå seg ned på, kvile
slitne ryggar, slitne armar, slitne kroppar

berre leggje allting flatt, puste fridomen
og vere til

Viss lukka er ei øy
og vi flyt rundt på store havet –
så held vi begge hendene til hjartet
og håpar vi finn land
på same tid