torsdag 28. februar 2013

Termometertur



Min urolege kropp
og mitt bankande, nervøse hjarte
er rastlause i møte med
dagen
og natta
og morgon og kveld,
nesten alltid er det noko:
noko å kvi seg til,
noko å frykte, noko å lengte
seg vekk frå
noko å håpe at aldri vil skje

Min urolege kropp,
som herja av feber,
treng ein termometertur
gjennom vinterstille skog
Langs stiar som teier
same kva eg seier;
Mellom tre som kviskrar: “Slapp av!”
same kva eg seier;
Over steinar som smiler og blunkar til meg
og gjespar, svært synleg,
same kva eg seier;

Skogen har høyrt alt før,
og gir meg diagnosen og medisinen
med eitt og det same;
For uro: Ein tur i skogen!
For rastløyse: Ein tur i skogen!
For alt anna: Ein tur … i skogen!

Når eg kjem heim att
er hjarta mitt roleg,
og kroppen har funne sin ro
trass alle verkande musklar
og utslitne øyrer, av all stilla

onsdag 27. februar 2013

Liste over livet



1
det eg fryktar, og håpar aldri skjer

2
det eg håpar, og fryktar alltid skjer
når eg ikkje er til stade

3
midt mellom alt: ei glede, ei lukke, ein tanke om kjærleik og
alt det gode
midt mellom alt det andre, vanlege

4
når eg oppdagar at det vanlege er det som eg før trudde var midt mellom alt

5
og oppdagar at frykt og håp, det vanlege og alt som fargar livet lyst, er den same tingen, at alt flyt i hop

6
og er det eg kallar livet,
ikkje frå a til å, eller frå eit startpunkt til sluttpunkt, men som ei einig, eit heile,
i møte med verda

7
og alt dette
er meg

fredag 22. februar 2013

Takk



Sitje i den tause kveldsvinden
og lytte til
ingenting
stilla som omgjev meg,
kulda som pirkar i huda
og lyset som teiknar vinterfargar
over fjorden

Kjenne at det er godt
å sitje og sjå på verda,
la bileta synke inn
og sukke eit takk
for endå ein dag

onsdag 20. februar 2013

Jakt



No har eg jakta orda
nådelaust
tvers gjennom halve Noreg
med ein skarpspissa blyant,
kvest i begge endar
som eit tviegga sverd
klar til å stikke, hogge
seg veg gjennom mylderet av ord
når det ein gong skulle dukke opp

men alle er vekke
(og eg såg til alle kantar)
Den blodtørste blyanten
må stikkast i pennalet

til ein annan gong
Kanskje i morgon?