torsdag 31. januar 2013

Fotballgut




Eg hugsar eg sprang over grusen 
med strame sokkar
ein litt for stor shorts 
og leggbeskyttarar,
dei stiligaste i verda 
syns eg

Med talet på ryggen
følte eg meg med, 
ein på laget
(trass, spele kunne eg ikkje…)

No er det du
vesle storegut 
som spring rundt i drakta,
gler deg til kampar 
sparkar med glede
og strålande smiler 
kvar gong det går bra

Score, sentre, drible, takle,
heil volley, halv volley, corner 
og mål
er det ikkje så nøye med endå

for du likar å spele
og eg kjenner hjartet mitt 
veks og boblar
kvar gong du spring og ler, 
kjem hoppande mot meg
“det er gøy!”

for det er det som er viktig
 

onsdag 30. januar 2013

Gamal lengt




Ein gong stod eg ved breidda
av noko stort

Alt låg ope framfor meg,
det ukjente lokka
og skremde;
eg lengta og frykta

og speida til auga vart våte
og beina fraus fast til bakken

Fuglane flaug forbi
over hovudet
og over den blanke flata
der vindane lokka og dytta og drog

utover, utover, utover
kom utover
ei stille kviskring, ei stemme
varm mot øyra, varm mot hjartet

og eg gjekk

tirsdag 29. januar 2013

Mitt eige Narnia

 
Verda verkar kjent
også i dag
det er som eg har vore her før
same golvbelegget, same kjøleskapet

same asfalt, same skog
same meg

tilsynelatande

berre lyktestolpen
merkeleg malplassert
midt i fjorden
viser at eg ikkje er i mi eiga verd

Ein dag skal løva av Juda føre meg tilbake
til der eg høyrer heime

mandag 28. januar 2013

Landingsplass



Der ligg ein landingsplass
og ventar på meg, ein stad
der framme
på andre sida av fjorden

Ein dag skal eg stake båten mot land
og lande den
for første og siste gong

Ingen kan fortelje korleis det er
Vi har inga krønike med minner
frå tidlegare landstigingar
Dei som har prøvd
kan ikkje lenger nå oss

Difor ror eg båten
med trufast nyfike
og håp
om ei sikker hamn