mandag 16. desember 2013

Vind ifrå audna




Ein kald vind slår inn ifrå audna
Ein ørkenvind, ein vind som spår kulde
og død

Vinden snor seg mellom husa, liksom på leit
Eit søk etter alt det verda ikkje kan tole
å bere 

Han er berre eit barn, kviskrar mora i natta
eit barn, ja berre eit barn
kan du la oss i fred, får eg verne mitt barn
ifrå døden? 

Vinden kviskrar, vinden brølar, gje meg offer!
Denne verda er ikkje laga for slike som han
eller kjærleiken

som strøymer som ein motvind, eit svar
på alle dei spørsmål vi aldri stilte, eit svar som strir
imot alt...

Og vinden banar seg veg, på jakt etter byttet
Men veit, alt før han når fram, at dette slaget
er tapt

4 kommentarer:

  1. Lovely shimmering sunrays to go with your prose♪ Have a wonder filled week! http://lauriekazmierczak.com/spotlight/

    SvarSlett
  2. Beautiful, the snow looks cold and the sun looks warm. A nice mixture. - Margy

    SvarSlett