søndag 15. desember 2013

Tre fargeglade sommarbilder og to sommardikt i vintermørket



1
Sola varmar
vinterbleik hud

Tida har stoppa –

Dagane er gule
lysegrøne, disige
som sett gjennom ei tynntynn skodde
av lukke og smil

mot eit bakteppe av kjølig vatn, iskrem,
frukt, solkrem, badminton og myggstikk –

og ei visse, i vintermørket,
ein tanke som smyg seg gjennom snø
og is;
det skal kome ein sommar
etter dette




2
Sommar er lengt etter lys
Lengt etter døsige dagar i skuggen,
medan sveitten silar og huda svir
og tankane kretsar rundt
ingenting

Sommar er regn over dampande enger
og støvlar som trampar
mellom våte blomar
og heim, heilt heim
der du kan gå inn under tak og vere varm
i t-skjorte
og sjå regnet fornye verda;

og kjenne
at endå det regnar og er grått,
er livet likevel ikkje så verst –



(Fototriss)

9 kommentarer:

  1. Den sista bilden underbar och minner om sommaren - ljuvlig även på regniga dagar.

    SvarSlett
  2. Fruktig, blommig och färgglad triss, fint!

    SvarSlett
  3. En jätte fin och härlig triss. Gillar alla tre bilder och nu längtar man ju nästan tillbaka till sommaren.
    //jonna d

    SvarSlett
  4. Vilka härligt somriga färgglada bilder du visar!

    SvarSlett
  5. Underbar sommrig triss du bjuder på, nu längtar man lite efter sommaren efter ett besök här

    http://enplatsisolen.bloggplatsen.se

    SvarSlett
  6. Härlig sommartriss! Fastnade lite extra för första bilden.

    http://anamcara.blogg.se

    SvarSlett
  7. Jag längtar bort från allt rusk till sommaren när jag ser detta.
    kram Meta

    SvarSlett
  8. Det var vackra och färgstarka bilder i din triss. Läckert.

    SvarSlett