søndag 15. desember 2013

Tonar av lengt




høyrer du tonane i natta
det er hjarta som bankar og lengtar
spelar sine melodiar i eit univers
som verkar altfor stort
altfor vidt, altfor … uendeleg
til å kunne gje svar på våre spørsmål,
eller gje meining til våre liv

høyr tonane, kor sørgmodige dei er
det er hjarte som syng i moll
ein serenade for barndomens håp
eit requiem for vår felles framtid

ein dag vil sola slokne
ein dag vil alt stoppe opp
og jorda gå under i varme
eller kulde – helst det siste
historia sett i lys av våre svik –

høyr hjarta
kor dei ropar etter meining
syng sine lengtande tonar
ut i det ukjente
er det noko meir
er dette alt

og høyr ekkoet, undertonane
som blandar seg inn i vår song
eit svar frå andre dimensjonar
frå ein stad vi ikkje kjenner
og syng våre lengslar om
til ei glede, ei tru – optimisme
for notid og framtid

høyr, våre sørgjesongar har stilna
no syng vi ein song om håp

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar