tirsdag 17. desember 2013

Svart og kvit (1)




eg er svart eg er kvit
eg er grå i det meste
i ulike nyansar
frå det svartaste svarte
til så kvit at du ikkje kan sjå
flekkane smusset eit lag av støv
over alle mine handlingar
dei ligg som kalde steinar – som vitne
og ropar
du er svart du er grå du er
kvit når det passar
skal du aldri viske deg ut
og starte på ny

hadde eg berre møtt
nokon
som kunne gje meg ein ny sjanse…

1 kommentar: