fredag 6. desember 2013

Stort hjarte mindre


Kan du sjå fargen
på huda mi,
kan du sjå om auga passar
til draumane mine,
og spelar det noko rolle –

når hjartet mitt bankar
og hjartet ditt bankar
og begge er tvers gjennom like?

Verda har mista eit hjarte –
men hadde du sett det,
kunne du ikkje sagt anna om eigaren
enn: Der reiste eit menneske

Eit menneske –
Eg ser ikkje lenger huda di,
eg ser ikkje lenger auga
eller håret
eller kvar i verda du vart fødd –

eg ser berre blomane;
ei blømande eng
i kvart menneskehjarta,
og huda er berre eit trekk
over det vakre

og du har ein del av æra for det
mister Mandela,
måtte ditt hjarte,
som såg ut som mitt
men var så mykje større,
kvile i fred



(The weekend in black and white)

6 kommentarer:

  1. Flott skrevet og fint illustrert!

    SvarSlett
  2. Et varmt minnedikt om person, og en personlighet, som det dessverre finnes så alt for få av. Han vil stå i historien side om side med Mahatma Gandhi.
    Den enkle blomsterhilsen bare understreker det hele.

    PS Takk for kommentaren - jo, Har du ikke Google+ kan du ikke slå av "auto enhancement". Slik skaffer man seg flere kunder ...

    SvarSlett
  3. Nydelige ord og bilde dedisert en gigant av storhet og varme,- en fin hyllest!
    :)

    SvarSlett