fredag 27. desember 2013

Store gamle tre




store gamle tre, kva har du sett,
kva kan du fortelje
om alt det som skjer –

du stod her lenge før eg vart fødd,
har sett vintrar komme, vintrar gå,
blad som blafrar
blad som svevar av garde
på utstadige vindar
og menneske har kome til
og menneske har reist,
og du vil stå her etter at også eg er borte

heile vegen står du her
akkurat her – så stødig, så trygt
utan hast, utan spenning, utan redsle
utan ein tanke om morgondagen
- kjem regn, så kjem det,
kjem snø, kjem snø, og sola
er din alltid trufaste ven –

du står og tek imot alt
med opprette greiner
og ein takk for dagen som kjem

det du har å fortelje om livet
vil eg gjerne høyre
og lære av –

1 kommentar: