lørdag 21. desember 2013

Stilleben









Kvinna søv på eselryggen
Mannen står stødig, midt i steget
Held beiselet i sine grove hender,
merka av slit, av støv, av feilslag

Rundt dei er det kveld,
endå er ikkje månen full
og mørkret omsluttar dei tre på vegen,
hyllar dei inn i sitt tause teppe

Bakken er varm, sanden er mjuk
Så mange føter har traska her før
Så mange menneske på vegen,
uvitande om kven dei passerer i hast

Trea i bakgrunnen er stille
Ikkje eit vindpust kan merkast,
ikkje eit einaste drag av sjøluft eller ørkenvind
når fram til dei tankefulle tre

Bildet er idyllisk, det oser av omsorg
og fred, men innunder huda finst stormen
Den rasar sin veg gjennom mannen sitt sinn
og bølgjer som opprørt hav

Så mange tankar, så mange omsyn!
Eit liv som plutseleg snur
Tenk om… ein tanke, men vender seg bort
Ser på kvinna, og smiler med auga

Tre dagar att – til Betlehem,
Eit esel, ei kvinne, ein mann
Og eit barn, endå sovande, ventar;
Det handlar om han, berre han

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar